Fakta om Highsoft:

Highsoft As er en vidareføring av enkelmannsføretaket til gründer Torstein Hønsi frå 2009. Dei selg datavisualiseringsverktøy til nettsider. I dag har dei 10 faste tilsette og ein omsetning som i 2013 var på 30,9 millionar kroner. Bedrifta har hovudkontor i Vik i Sogn, og herifrå har de kontakt med kundar over heile verda. 46% av omsetninga er i USA, ca. 30 i Europa og resten fordeler seg over dei andre kontinenta.

I tillegg til den gode omtalen frå landets statsminister, har Highsoft AS vunne mange innovasjon- og gründerprisar, og like før sommaren tok selgarkontoret turen til New York for å møte nye potensielle kundar.

Gjennom programmet Entrepreneurial Marketing i Innovasjon Norge fekk fire Sognejenter ta del i nyttige nettverk, møte engasjerande mentorar og vere på mange spennande møteplassar og konferansar. Reisa gjekk inn i rekka av fleire suksesshistorier for det vesle IT-firmaet i Vik i Sogn.

Så, daglig leiar i Highsoft AS, Grethe Hjetland, - omtale frå statsministeren, - korleis er  det?

Det er veldig kjekt! Eg var så heldig å treffe statsminister Solberg då ho var på besøk i Sogn og Fjordane i vår. Ho virka oppriktig interessert i å høyre om Highsoft, grûnderhistoria bak suksessen og korleis vi har utvikla eit godt diagramverktøy som nå er godt etablert i den internasjonale marknaden.

At Solberg nemnde Highsoft i talen sin på ein oppsummerande pressekonferanse før sommaren, betyr svært mykje for oss. Det gir oss  inspirerande verdsetjing. Eg håpar at eg ved seinare høve skal treffe igjen Erna Solberg og få fortelje resten av historia vår.

Det er også kjekt at fleire enn kundane våre set pris på det me utviklar her i Vik!

Kva er hemmelegheita bak suksessen til Highsoft?

  • Tenke enkelt.
  • Enkel forretningsmodell.
  • Utvikle Highcharts – eit godt produkt som kundane sjølve kan vere med å vidareutvikle. Torstein Hønsi, gründer og teknisk sjef, har heile tida hatt fokus på tett dialog med marknaden og kundane våre.Vekse organisk og i eit forsvarleg tempo.

No har Highsoft AS eksistert i 3 år, og de har gjort nokre erfaringar på vegen. Kva er den største politiske utfordringa for IT-bransjen i framtida?

Det er tre næringspolitiske tema det kan vere interessant å trekke fram sett frå vår ståstad:

Nettverk, kompetanse og internasjonal handel

Nettverk er avgjerande for Highsoft. Store delar av vårt nettverk, har vi fått etablert gjennom Innovasjon Norge og dei internasjonale programma vi har vore med på. Highsoft sin nettverksveg gjennom IN starta med kontakt med det lokale Innovasjon Norge-kontoret på Leikanger. For Highsoft som lokal gründerverksemd, har Innovasjon Norge hatt stor betyding.

Kompetanse innan programmering og WEB-utvikling er viktig for Highsoft og satsinga vår vidare. Universitets- og høgskulemiljøet utdannar i dag fantastisk flinke kandidatar som kanskje kan bli våre kollegaer ein dag.Det er viktig at det er politisk interesse og vilje til å fortsetje å satse på IT-utdanning og vidareutvikle eksisterande tilbod. Politisk satsing på samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv er også nyttige tiltak.

Vi har kundar over heile verda og alle kundelisensane våre vert distribuert elektronisk via internett. Internasjonal handel og gode relasjonar mellom Noreg og andre land vil alltid vere viktig for alle eksportnæringar.

Nå er de altså blitt medlem av Abelia, så då må vi spørje – kva forventar de av eit medlemskap i Abelia?

Abelia har fokus på tema som er viktige for Highsoft og andre kunnskapsbedrifter. Abelia har posisjon til å setje søkelys på og skape debatt rundt slike tema. Det ville ikkje vi klart åleine.

Kunnskap og innovasjon kombinert med arbeidsrett og andre forhold som vil styrke humankapitalen i Highsoft er særleg viktige faktorar for oss. Difor valde vi å melde oss inn i Abelia.

Alle i Abelia vil ønske Highsoft AS velkommen, og vi gler oss til vidare samarbeid

 

Les meir om Highsoft As her

Kontaktperson Mari Berdal Djupvik

mari.berdal.djupvik@abelia.no

+ 47 957 05 437