Veksten i levealder vil utfordre berekrafta i velferdsordningane, og det vil ikkje vere olje og gass vi lever av i framtida. Klima-utfordringane vil krev mykje, og internasjonale maktforhold vil endre seg. Ny teknologi vil gjere verda mindre og gje oss nye muligheiter.

Vi anar ikkje kva slags teknologi som vil bli utvikla dei neste 50 åra, men vi veit at utviklinga går stadig raskare. For kvar ny form for teknologi som blir introdusert, går det raskare frå den blir lansert til den blir teken i bruk. Medan det tok cirka 60 år før rundt 60 prosent av alle potensielle brukarar hadde telefon, tok det 25 år før mobiltelefonen og internett vart allemannseige. Teknologien har endra levesettet vårt, og dessutan korleis vi arbeider. Denne utviklinga vil fortsette. I Sogn og Fjordane har spiren for IT-næring verkeleg byrja å gro. Her utviklar ein robotar, dataparkar og App'ar for å trekke fram noko. Alle er med på å bidra til eit meir moderne og effektivt samfunn. Dette vil vi trenge meir av.

Det viktigaste dagens barn kan lære, er å lære å lære. Vi vet ikkje i dag kva dei skal jobbe med når dei er blitt vaksne, men dei må førebu seg på konstant endring. Deira arbeidsgivarar og arbeidsoppgåver er kanskje ikkje funne opp enno. Difor må vi gje barna dei aller beste vilkår for læring og kreativitet. Såleis har Sogn og Fjordane gjort gode prioriteringar i sin skulepolitikk, med jamne resultat på skuletestane bevis dette fylket at skule er viktig, og riktig å prioritera.

Det politiske ordskiftet må dreie seg om kunnskapen vi treng i dag, men endå viktigare er debatten om kompetansen vi må bygge for framtida. Vi må møte nasjonale og lokale behov, men i endå større grad må vi ta ei aktiv rolle i den globaliseringa vi allereie har begge føtene planta i.

Vi skal leve av kunnskap. Skal norsk næringsliv konkurrere internasjonalt, må Norge – som verken kan eller skal ha eit lågt lønnsnivå – ha den beste kompetansen. Norge har eit godt utgangspunkt, men vi må satse meir på utdanning, forsking og innovasjon. Medan vi diskuterer om utdanningsinstitusjonar og næringspolitiske verkemiddel skal bidra i Oslo, Sandefjord eller Sogndal, vert det utdanna 1,2 millionar kinesiske ingeniørar kvart år. Desse skal våre ungdommar konkurrere med. I Sogn og Fjordane handlar dette om at høgskulen må ha ei tett samhandling med dei lokale bedriftseigarane. Innanfor IT har ein satt ned eit IT-forum som saman skal løfte IT-utviklinga i fylket. Eit slikt forum kan vera ein god oppskrift viss det bidreg til å løfte satsingane på teknologi på tvers av institusjonane. Av same grunn  har difor Abelia teke til ordet for at det må opprettast fleire studieplassar innanfor IKT-faget.

Eit lite land som Norge har spesielt stort utbytte av den arbeidsdelinga internasjonal handel gir rom for. Vår romslege økonomi er eit godt fundament for vegen vidare: Vi forstår at kompetanse, produkt og tenester er del av ein større heilskap.  I Vik i Sogn har ein sett dette, og det er fleire med oss som er imponerte av historia til Highsoft.

OECD-rapporten Innovation Union Scoreboard for 2014 omtalte Norge som ein "moderat innovatør". Det er ikkje godt nok. OECD rår Norge til å legge til rette for gründerkultur for å oppdage og utnytte muligheiter og tiltrekke seg risikovillig kapital. Vi treng rammevilkår som bidreg til utvikling av vekstbedrifter og nytt næringsliv over heile landet. Abelia er samde. Difor tek vi til orde for at det bør opprettast ein ordning i verkemiddelapparatet som kan stimulera til tidleg kapital i gründerbedriftene. Vi kallar han for ein katapultordning for innovasjon.

Vi kan ikkje spå framtida, men vi kan førebu oss godt på det som kjem. Abelia trur at teknologi og kunnskap vil vere drivarane for om vi kan møte morgondagens utfordringar – vi må starte no.

Denne kronikken sto på trykk i Sogn avis onsdag 4. desember

Kontaktperson Mari Berdal Djupvik

mari.berdal.djupvik@abelia.no

+ 47 957 05 437